|
Velkommen til
Topptursida mi
Eg har
laga denne sida for å dokumentere ein del av
toppturane som eg har vore på, slik at familie og
venner som ikkje alltid har anledning til å være
med, skal få ta del i litt av det som me andre
opplever. I all hovedsak gjeld dette toppar over
2000 meter i Noreg, samt nokre toppar i utlandet. I
tillegg må eg vel innrømme at det er eit lite reklamestunt for å
få med folk på turane mine, slik at eg har nokon som
kan bære meg til bilen når eg trynar og knekk
leggen...
Turrapportane er skrivne med utgangspunkt i korleis
eg opplevde det akkurat den dagen eg var der. Det
kan difor hende at andre som har vore på samme
toppen sit med ei heilt anna oppfatning av kor enkel, vanskeleg, flott, luftig eller kjedeleg den er. Slik
vil det vel alltid være, så her skal alle få lov til
å være så samde/usamde dei berre vil. Som eit forsøk
på eit objektivt innslag har eg
imidlertid lagt ut ein liten tabell som viser høgde,
primærfaktor og kor "vanskeleg" toppen er, for å gi
eit litt betre bilete av kva ein møter hvis ein
fyrst forvillar seg opp i høgden.
Eg har
også laga eit fotogalleri med ein del bileter som eg
har teke mens eg har vore på tur, så ta gjerne turen
inn dit for å sjå på litt av det som fjellheimen kan
tilby. Og legg gjerne att ein liten kommentar i
gjesteboka eller
send meg ein
mail hvis det er
noko de har på hjartet.
"If you don't let go, you can't fall off"
Jerry
Moffat
Siste nytt:
13.september 2010
Eg og Hege var ein tur på Golsfjellet den fyrste
helga i september. Det var fantastisk vær, så me
bestemte oss for å køyre bort over Valdresflye og ta
ein tur over Besseggen. Det var hundrevis, for ikkje
å seie tusenvis, av andre som hadde tenkt det samme,
så det var heller folksomt over Veslfjellet. Men i
det nydelege været, så var det verdt det sjølv om me
måtte gå fram og tilbake pga fulle båtar. Eg har
lagt ut nokre bileter frå turen
her.
11.September 2010
Då
var endeleg turrapporten frå Muztagh Ata ferdig. Den
vart litt lenger enn eg hadde tenkt, og likevel
måtte eg til tider nesten skrive i stikkordsform.
Det betyr vel berre at det var ein tur med mange
minner. Hvis det skulle være av interesse så kan de
no altså finne rapporten
her.
06.september 2010
Det tek litt tid dette her, men no er endeleg
ein del (les: mange) bileter lagt ut frå turen til
Muztagh Ata (7546 moh). Eg jobbar framleis med
sjølve turrapporten, så det kan nok ta endå nokre
dagar. Eg og Hege var også ein tur på Golsfjellet i
helga, der me blant anna tok ein tur på Besseggen på
laurdagen. Det kjem nokre bileter frå den turen om
ikkje så lenge også. Enn så lenge kan ein finne
mykje frå Muztagh Ata her:
Muztagh Ata 1
Muztagh Ata 2
Muztagh Ata 3
Muztagh Ata 4
23.august 2010
Tilbake frå Muztagh Ata etter ein svært
innhaldsrik tur. Dessverre måtte me snu ned att 300
meter under toppen pga dårleg vær på toppforsøket
vårt, men me må seie oss rimeleg fornøyde med å ha
nådd 7245 moh. Eg skal få laga ein turrapport så
raskt som mogeleg, men det tek nok minst eit par
veker før eg får den ferdig. Satsar imidlertid på å
få lagt ut nokre bileter i løpet av dei neste dagane.
19.juli 2010
Då har eg endeleg fått ferdig turrapporten frå
Steinflytind. Den kan de lese
her. For øvrig har
kveldane den siste tida gått til planlegging,
gjennomgang av utstyr og testpakking før årets store
eventyr. No er det berre tre dagar til eg reiser til
London for å treffe resten av ekspedisjonen som skal
være med til Kina. Så forhåpentlegvis vil neste
turrapport innehalde bilder frå over 7500 moh. Som
US Air Force seier: " The sky is the limit..."
28.juni 2010
Eg og Hege var ein tur på Steinflytind i helga.
Har lagt ut nokre bileter
her. Turrapport
kjem om ikkje så altfor lenge.
21.juni 2010
Då har eg fått skrive ein liten rapport om turen
me hadde på Tryfan i Snowdonia, Wales. Den finn de
her.
15.juni 2010
Det
vart ikkje tur på Snowdon i helga. Mest på grunn av
at det var ei stor utfartshelg der borte, så det var
for mykje folk. Me valgte derfor ein tur på ein
annan topp som heiter Tryfan. Dei er ikkje så høge,
toppane i Wales, men dette var verkeleg ein tur eg
likte. Me fekk gjort litt artig klyving på dette
vesle fjellet, og til tross for beskjedne 915 moh på
toppunktet, så var det luftigare enn dei fleste
toppane i den norske fjellheimen. Eg skal skrive ein
liten turrapport når eg får tid. Enn så lenge har eg
lagt ut nokre bileter frå turen
her.
10.juni 2010
Slit fortsatt litt med ankelen etter kløninga i
påsken, så det har vore mest sykling og roleg
jogging dei siste to månadane. I morgon reiser eg
imidlertid til Wales ein tur. Har eit lite håp om at
eg skal få muligheten til å bestige Snowdon på
søndag. Det er det høgste fjellet i Wales/England,
med sine majestetiske 1085 moh. Får satse på fint
vær og tid nok til å ta ein tur på toppen. Ein liten
fjelltur og litt klatring skal det no uansett bli,
om me ikkje rekk heilt til topps.

17.mai
2010
Nett kommen tilbake til Oslo etter ei langhelg i
Lærdal. Fekk meg ein skitur i retning Høgeloft på
torsdag, men snudde i tåka på ca. 1700 moh. Då såg
eg ingenting, så litt av moroa forsvant. Så tok eg
og Gro ein tur opp frå Fodnes på laurdagen. Me gjekk
opp mot 800 moh. Då var det såpass med snø og
smeltevatn at me snudde ned att. Søndag vart det ein
sykkeltur oppover bakkane i Erdal pluss nokre
kilometer nede i dalen. Hadde tenkt med ein skitur
på vegen til Oslo att i dag også, men smeltinga
hadde teke overhand. Uansett var det alt i alt ei
bra treningshelg som kan komme godt med seinare.
1.mai 2010
Då var det plutseleg 1.mai, og eg har ikkje vore
til fjells sidan påske. Klarte å skade ankelen på
ein topptur i Sogndalsdalen fyrste påskedag, og har
vore passeleg bevegelseshemma sidan då. No byrjar
det imidlertid å komme seg, så eg ser fram til
17.mai-helga, som i mitt tilfelle skal bli ei
femdagars helg, slik at eg kan ta nokre dagar i
heimen. Har ikkje heilt bestemt meg for destinasjon
endå, men ser ikkje vekk frå at det blir ein tur opp
på Valdresflya med telt, og så ta nokre skiturar
derifrå. Kjøpte meg forresten ny sykkel i går også,
så då skal eg no få bevega meg litt i låglandet i
tillegg. Ser fram til ein solrik søndag i byen, slik
at eg kan få meg nokre mil på sykkelsetet.
30.mars 2010
Påskeferien
er i gang, og eg har vore to turar på Slettind. Har
foreløpig overnatta nede i dalen, men satsar på å ta
turen oppover på hytta i morgon. Fyrste turen var på
søndag, og det var veldig bra føre. Rett nok var det
litt i overkant varmt, så eg gjekk igjennom både her
og der heilt nederst, men det klarar eg fint å leve
med. Den andre turen var i føremiddag, og det var
heilt kanon. 5-10 cm med nysnø, -5 grader og
strålande sol. Og det beste av alt - eg var
fyrstemann oppover. Hadde heile toppen for meg sjølv
heilt til eg var kommen nesten ned att til
parkeringsplassen. Der møtte eg ca. 40 personar som
skulle oppover. Eg måtte smile litt, fordi eg hadde
nett åpna dagens ball!
Har lagt ut nokre bilder av denne fantastiske dagen
på
Slettind.
24.mars 2010
Ein månad sidan sist eg oppdaterte. Har vore ein
tur på Golsfjellet og ein tur i Hemsedal sidan sist.
Var heldig med været begge gongene, men vart berre
nokre langrennsturar og eit par dagar på brett i
Hemsedal. Ser imidlertid fram til påskeferien som
startar om to dagar. Blir nok litt jobbing
innimellom, men skal få meg minst 5-6 dagar på
fjellet, og gjerne med nokre teltovernattingar. Skal
bli bra greier.
24.febuar 2010
Det
har vore lite oppdateringar her i det siste. Eg var
eit par turar på Golsfjellet i januar, men det har
vore dårleg med toppturar hittil i år. Håpar å få
meg ein tur eller to om ikkje så lenge, og kanskje
allereie til helga. Den eine turen i januar var av
det kalde slaget. Eg hadde 34 kalde då eg kom opp
mot leiligheten, så eg var glad for at det sto på
litt varme etter juleferien. Eg tok meg eit par
trugeturar med kameraet over skuldra. Hvis ein ser
vekk frå kulden, så var det eit nydeleg vær, så det
var berre å kle seg godt og traske av garde. Var
godt nøygd både med dagen og eit par av
bilda mine.
4.januar 2010
Godt
nytt år folkens! Juleferien vart ikkje slik som eg
hadde håpa. Eg fekk rett nok teke meg like mykje fri
som eg hadde tenkt, men tredje juledag slo
streptokokkane til i halsen, og eg vart liggande på
sofaen med antibiotika og febernedsettande som mine
beste venner. Det vart imidlertid ein liten rusletur
bort til hytta vesle nyttårsafta, og eg fekk meg ein
skitur i går. Det er gode snøforhold rundt Oslo om
dagen, så eg satsar på å få gått mykje på ski i
vinter. Det er vel på tide å trene vekk juleflesket.
Eg har for øvrig også lagt ut eit par bileter frå
den vesle rusleturen rundt hytta. Ikkje noke er som
å være til fjells ein kald desemberdag med sola lågt
på himmelen. Bileta ligg nederst på sida
Foto Lærdal og Lærdalsfjella.
25.november
2009
Det er vel på tide å redusere arbeidsmengda
litt, slik at eg kjem meg opp på fjellet ein tur.
Har vore i overkant mange kveldar og helgar i det
siste. Ser for øvrig fram til juleferien med
stor spenning. Håpar å kunne ta nokre ekstra dagar
ferie (sidan eg fortsatt har att over tre veker)
slik at eg får tid til å trene vekk att litt av all
julematen eg har tenkt å ete.
3.november 2009
Då er det i alle fall eit par bilder som er lagt
ut frå den vesle turen min. Når ein kan sitte på
1650 meter i eit par minusgrader og strålande sol,
med kaffikoppen i handa og utsikt over eit snødekt
landskap... ja, då er livet slett ikkje så ille.
Nokre bevis på herligheten ligg nederst på sida
Foto Lærdal og Lærdalsfjella.
1.november 2009
Fekk meg ein tur på Masseringsnosi i helga.
Byrjar bli ein del snø i fjellet no. Eg tykte ikkje
det såg så ille ut då eg starta, så eg la att
trugene i bilen. Det førte til eit par tusen trakk
igjennom snøen. Lånte med meg kompaktkameraet til
mamma, ettersom eg hadde gløymt att mine i Oslo, så
eg skal legge ut nokre bilder om ikkje for lenge.
27.oktober 2009
Mykje jobbing og lite helgeturar om dagen, men
skal ein tur vestover no på fredag, så då får eg
prøve å komme meg på ein dagstur til fjells i alle
fall. Ein trugetur i slutten av oktober kunne vore
greitt å få med seg.
16.oktober 2009
Endeleg kom Robert og eg oss ut på ei lita
klatreøkt. Me var ein tur på Kolsås forrige helg.
Strålande vær, men litt kaldt med 4-5 grader sidan
me sto i skyggen og eg hadde gløymt hanskar. Men me
hadde det moro, og fekk teke eit par
bilder. Rett nok
hadde me berre mobilkamera og eit 6 år gammalt
digitalt kompaktkamera, så kvaliteten er berre så
som så.
3.oktober 2009
Eg skulle ut for å klatre med Robert i dag, men
det er nesten litt godt at eg sit heime småsjuk, for
no har eg endeleg fått ferdig alle rapportane frå
turen til Colorado. Dei to siste ligg her:
La Plata Peak
og
Mount Bierstadt
28.september 2009
Tiden går, arbeidet med turrapportane består...
No er turen på
Mount Elbert lagt
ut. Ikkje den mest interessante turen me har hatt,
men det er no ein gong den høgaste toppen i
Colorado, så moro å ha vore der.
27.september 2009
Det tek litt tid å få skrive alle rapportane frå
USA pga travle tider om dagen, men no har eg i alle
fall fått knota ned nokre ord. Rapportar om følgande
toppar er no lagt ut:
Mt Evans og Pikes Peak,
Grays and Torreys,
Electric Pass Peak,
samt
Independence Pass Peak og
Twining Peak.
17.september 2009
Då er turrapportane for dei vestre
Austanbottstindane
og
Store Soleiebotntind
endeleg lagt ut. Eg skal jobbe på spreng med
rapportane frå USA også.
15.september 2009
No har eg også lagt ut bileter frå
Colorado-turen til pappa og meg. Desse finn de her:
Colorado del 1 og
Colorado del 2.
14.september 2009
Pappa og eg kom tilbake frå ein flott tur til
Rocky Mountains i går ettermiddag, og eg skal til
med rapportskrivingen så snart som mogeleg. I
mellomtiden har eg lagt ut bileter frå den amputerte
turen til Frank, Robert og meg til
Austanbottstindane
og
Soleiebotntindane.
Rapportar frå desse to dagane kjem også snart.
25.august 2009
Startar på eit par gode veker med fjellturar i
morgon. Fyrst eit par dagar i Hurrungane med to
kameratar, og så blir det tur til Rocky Mountains
med pappa. Ingenting som litt tynn luft og ein bratt
motbakke. Kjem tilbake med opptil fleire
turrapportar om nokre veker. Gledar meg som ein unge
til å tusle rundt blant svartbjørnar, klapperslangar
og marmot'ar.
31.juli 2009
Tilbake frå bryllupet til Gro (systera mi) i Italia.
Hadde egentleg tenkt meg til fjells, men eg gidd
ikkje ligge i teltet og sjå på at det bøttar ned. Så no er eg i Oslo og slappar av i staden. Sykla ein
tur til Drøbak i ettermiddag. Er no under ein månad
til eg og gamlingen reiser til USA for å gå på nokre
toppar i Rocky Mountains, så det skal bli bra. Då
skal det i alle fall komme nokre nye turrapportar.
22.juli 2009
Etter nokre dagar med bøtteregn fekk eg meg ein
fjelltur på veg tilbake til Oslo i dag. Gjekk frå
Osen inn mot Juklevatnet og tok runden over Store
Jukleeggi og Høgeloft før eg runda meg ned att på
anleggsvegen til Sulevatnet. Eg har lagt ut nokre
bileter frå både denne turen og ein kjapp tur eg
hadde på Slettind (17.juli)
under
foto Lærdal.
20.juli 2009
Her sit eg i Lærdal og regnet bøttar ned. Skulle
egentleg teke turen til Leirdalen i dag, men sidan
all sikt er vekke frå 7-800 meter og oppover så står
eg over i dag. Er ikkje noko spesielt betre melding
dei neste dagane heller, så det blir nok ikkje noko
før eg kjem tilbake frå Italia over helga. Jaja,
godt å slappe av litt også.
15.juli 2009
Halvannan dag att før ferien. Satsar på å få med
meg nokre toppar i løpet av dei to vekene eg skal ha
fri frå jobben. Meldingane ser ikkje så veldig bra
ut, men det får me ta som det kjem. Har klatra litt
dei siste dagane, og klarte å strekke noko i albogen
i kveld. Men etter ein time med is på armen så håpar
eg det skal gi seg. Har tenkt meg ut med Robert ein
tur i morgon, så då må armen fungere.
4.juli 2009
Heime igjen etter andre dagen på
fjellklatrarkurs. Mykje interessant å lære for ein
som stort sett berre har klatra innandørs. Men for
dei som ikkje veit det, så er det usannsynleg varmt
i veggen på Vardåsen når sola står på og det er 30
grader i skyggen. I morgon er det Hauktjern som står
for tur.
29.juni 2009
Var ein tur vestover i helga. Fyrst ein tur på
Golsfjellet med pappa, og så i Lærdal. Fekk meg eit
par turar til fjells både til fots og på sykkel. Det
var ei strålande helg med fantastisk vær. Bilder er
lagt ut frå både
Golsfjellet og
Lærdal.
18.juni 2009
Hmmm, må snart ta ein tur på fjellet, kjenner
eg. Mykje jobbing og lite trening. Men juli bør bli
bra ein bra månad. Planlegg nokre dagar i Leirdalen
rundt den 20. med litt tinderangling.
1.juni 2009
Var på
Storsmeden på
laurdag. Det var eit fantastisk pinsevær, men kunne
nok vore litt heldigare med snøforholda. Moro var
det lell. Sjå fotogalleri frå turen
her.
14.mai 2009
Sit og ser på kart over Colorado. Har så smått
byrja å sjå på kva toppar eg og gamlingen skal prøve
oss på når me tek turen over dammen på seinsommaren.
Skal bli moro å traske over nokre litt høgare toppar
att. Men fyrst må eg vel finne nokre norske fjell eg
kan besøke. Sit og lurer på om eg skal gjere meg
ferdig med Rondane om eit par helgar. Trur kanskje
det, ja!
4.mai 2009
Etter litt trøbbel med å publisere ting har eg
no fått meg eit litt større rom på web-hotellet, så
det skal være plass til litt meir. Har fått lagt ut
ein rapport frå
Høgdebrotet, samt
nokre bileter frå både
den turen og frå
Kalvehøgdene og Rasletind.
.jpg)
21.april 2009
Det var fantastisk i Jotunheimen i helga.
Turrapportar for
Kalvehøgdene og
Rasletindane kjem i
løpet av kort tid. Eg trøblar berre litt med å få
publisert bileter om dagen, så må finne ut kva
feilen skuldast.
17.april 2009
Det vart dårleg med høge turar i påsken. Vart
nokre toppar rundt hytta, men kom meg vel ikkje over
1620 meter, trur eg. Det er imidlertid meldt
strålande vær i helga, så eg driv og gjer meg klar
for ein tur på Flya. Rapport kjem over helga. La ut
ei ny side om
vinterturar her om
dagen, og nokre bilder frå
Slettind.
23.mars 2009
Det vart fint vær i helga, og eg kom meg på
årets tre fyrste 2000-meters toppar. Les
turrapporten
her.
17.mar 2009
Det var flotte forhold i Hemsedal i helga. Fekk
meg eit par dagar på brett og ein dag på telemark.
Håpar på fint vær kommande helg også, så skal det
bli ein topptur og forhåpentligvis eit par 2K-toppar
til på lista.
16.feb 2009
Kom att frå hytta i går kveld. Fekk meg eit par
turar på Slettind (ein på telemark og ein med truger
og brett) på laurdag. Gode forhold, men alt for
mange andre som hadde teke turen frå Hemsedal for å
køyre opp snøen på toppen min... Etter ein tur til
Trysil helga før og ein tur på
Reineskarvet helga
før det att, så byrjar vinteren bli som han skal. Er
foreløpig stornøygd med dei nye skia mine, så no har
eg valgets kvalar på alle toppturar - ski eller
brett. Ai ai, for eit luksusproblem!!
22.jan 2009
Har vorte dårleg med turar på meg så langt i år.
Bortsett frå eit par turar på brett og ein
langrennstur i marka er det skrale greier. Alt for
mykje jobb i kombinasjon med ein dårleg rygg får ta
mykje av skulda. Men til helga har eg store planar
om ein lang tur på ski, og neste helg blir det til
fjells. Med nye Se7en Summits ski skal det bli betre
enn nokon gong!!
17.des 2008
Då var alle undersøkelsar unnagjort, og det
viser seg at eg må rekne med ryggsmerter resten av
livet. Ikkje akkurat moro, men trøsten får være at
det visst nok ikkje bør bli noko verre. Så då er det
vel berre å bite tennene saman og herje på som før.
Reiser heim til Lærdal på laurdag for å feire jul
der. Skal bli deilig å få sjå litt fjell att. Tek
med ski, brett, klatreutstyr og heile rakleverket.
Stas!
9.des 2008
Kom att frå London i natt og det var endeleg
kommen ein liten cm med snø utanfor leiligheten i
Oslo. Satsar på å komme meg ut på ein skitur til
helga. Må få varma opp litt før juleferien, når dei
nye skia mine skal prøvast for fyrste gong. Håpar
berre ryggen min, som har trøbla fælt i det siste,
kjem seg innan den tid. Skal på MR og røntgen på
Ullevål sjukehus i morgon, så får tru dei finn ut av
det. Lenge leve legevitenskapen...
25.nov 2008
Får dei nye skia mine denne veka. Dynafit Guide
med G3 Targa Ascent bindingar og tilpassa feller.
Gledar meg som ein unge til det blir nok snø i
fjellet til å ta seg nokre toppturar. Dessverre
streikar ryggen att om dagen, så eg får vel vente
til eg har vore på undersøkelse på Ullevål Sjukehus.
Men rundt juletider bør dei få jomfruturen sin hvis
alt går som eg håpar. Yi-haa!!
14.nov 2008
Har då endeleg fått rydda litt opp i
fotogalleriet etter at alt plutseleg skar seg ein
dag. Skal få lagt inn litt
tekstar att ein annan dag for å fortelje litt om kva
de ser på kvart bilete.
Gledar meg for øvrig til nest helg. Då blir det ein
liten tur til Hemsedal for å teste brettet. Satsar
på litt nysnø på toppen av kunstsnøen (les:
blåisen).
27.okt 2008
Var ein tur på Svarttjernshøgda og Kollern i
går. For dei uinnvidde så er fyrstnevnte den høgste
toppen i Nordmarka med sine majestetiske 717 moh. Så
kva skal ein seie? Tja, at eg gledar meg til neste
tur i høgfjellet att skulle vel dekke det meste...
15.okt 2008
Det har vore mykje jobbing i det siste, så det har
ikkje vorte nokon nye toppar sidan eg var på turen
min til
Eggi og Kvassryggen. No byrjar det bli snø i
høgfjellet, så eg reknar med neste tur blir til
vinteren på ski eller truger. Gledar meg allereie!
|